Om Kolbeinsvik Montessoriskule
Kolbeinsvik Montessoriskule er ein privat skule, driven etter Maria Montessori sine pedagogiske prinsipp.
Kolbeinsvik Montessoriskule er ein montessoriskule for 1.-7.trinn i Kolbeinsvik, Austevoll. Skulen er ein leksefri heildagsskule, med aldersblanda grupper.
Skulen vert driven etter læreplan for montessoripedagogikk (godkjent av Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet).
Skulen held til i lokala til tidlegare Kolbeinsvik skule, 5394 Kolbeinsvik. Skulen er open for elevar frå heile Austevoll og Noreg.
Om du vil veta meir om montessoripedagogikk, kan du lesa her, eller gå inn på www.montessorinorge.no
Vi tilbyr
- Grunnskule 1.-7.trinn
- Aldersblanding på alle trinn
- Skulen er delt i to større grupper, gruppe1 er dei yngste og gruppe 2 er dei eldste.
- Undervisning etter montessoripedagogiske prinsipp og Montessorilæreplanen.
- Personale med vidareutdanning i montessoripedagogikk
- Gode undervisningslokale
- Stort skuleområde med varierte aktivitetar
- Felles skulelunsj for alle trinn
- Uteskule
- Skulen har eigen minibuss
- Symjeundervisning for 1.-5.tr + 7.tr
- Tilbod om SFO og oppstart dersom det er nok søkjarar.
Bli medlem i foreininga KMS
Medlemskap i foreininga kostar kr 100,– per medl. per år.
Kontonummer: 6504.06.35402
Det er høve til å betale kontingent for fleire år samstundes.
Alle betalande medlemar har stemmerett ved årsmøtet.
